No kan du realisera hyttedraumen midt i hjarta av Sogn!
Tomter til sals ved Sogn Skisenter på Hafslo i Luster kommune. I Luster kommune ligg Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark.
Tomtefeltet ligg ca. 15 minutt frå Sogndal og badeland i Gaupne. 3,5 time frå Florø og Bergen.
Hyttefeltet er regulert for 17 tomter, og det er lagt EL-kablar samt røyr for vatn og avløp til tomtegrense. Tre hytter er no bygde, og ein ny hytte skal etter planen byggast i 2018.
Tomteprisar:
Frå kr 450 000 til kr 650 000
Eigarform: Sjølveigar
Bustadtype: Fritid
Hyttefeltet si adresse: Heggmyra, 6869 Hafslo
Jakt og Fiske
Er du interessert i jakt og fiske er det mogeleg å leige jaktterreng i området, og Hafslovatnet er eit av dei beste vatna for fiske av aure.
Bading året rundt
I Gaupne kan du bada året rundt i det flotte, nye Lustrabadet som er eit flott badeanlegg for heile familien.
Fotturar
I nærområdet er fjelltoppen Molden eit populært og lett tilgjengeleg turmål. I Breheimen og Jotunheimen er det eit nettverk av merka turstiar.
Copyright © All Rights Reserved